Leonard Cohen har truffe svært mange med sine melankolske songar om sliten og komplisert kjærleik, men kor gode er eigentleg tekstane hans? I boka "Love itself. Et essay om Leonard Cohens sanglyrikk" diskuterer litteraturprofessor Erling Aadland Cohen som lyrikar, og kva det er med Cohen sin kjærleik til kjærleiken.
– Leonard Cohen har skrive ei rekke songar som er henvendt til ei muse, til ei inspirasjonskjelde som har kvinneleg form. For kjærleiken han skriv om eksisterer på mange plan, til kvinna, til det kroppslege, men også til det åndelege. Kjærleiken er grunnkomponenten som er innerst inne og ytterst ute, fortel Aadland som meiner det slett ikkje alltid er lett å tolke Cohen.
– Det er ein styrke at når han prøver å seie noko om kjærleik, at sjølv om det er klart, så er det likevel mangetydig, særleg kan denne blandinga av det høge og det lave gjere det meir utilgjengeleg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar