28. nov. 2010

Eg er

“Eg er” er ei danseframsyning om det å vere menneske. Ein songar og ein dansar utforskar det å vere og ikkje vere i møte med kvarandre og gjennom abstrakte resirkuleringar av eit kort tekstutdrag frå Fernando Pessosa sitt dikt Tabacaria. I eit underleg poetisk univers presenterast ei framsyning i spenninga mellom viljen og væren, mellom draum og røyndom. Framsyninga er utvikla i eit gjensidig samarbeid mellom utøvarane, komponisten og regissøren, og byd publikum til ei ny kunstoppleving av dans og song.

Medverkande: Solveig Styve Holte- dans og koreografi, Felicia Kaijser- song, Agnes Ida Pettersen- komponist, Johanna Raita- regi og scenografi
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...